Det var ei fin avslutning i Oslo Songdanslag måndag 13. mai 2019. Det var over 20 som møtte og heilt fullt ved lalngbordet. Der fekk vi smake på mange rettar som nokre hadde baka til kvelden. Det smakte godt til kaffi og te. Elles var det allsang ved bordet og litt lagssaker. Men mest var det songdans/stordans og musikkdans. Solvor spela og Vebjørn leia dansen. En hyggeleg kveld! Så er det berre dagsturen til Balkesenteret ved Mjøsa som står att 15. juni. Vonar mange vil vere med. Meir info om det seinare.



Oslo Songdanslag
Nordahl Brunsgate 22, 0165 Oslo

Leiar Vebjørn Bakken
tlf 90194897

Org.nr: 974 926 857

Leiar Vebjørn Bakken
vebbak@online.no