Laget hadde årsmøte måndag 5. februar 2018 i Halli. Det var 13 som møtte. Årsmøtet vart avvikla på vanleg måte, med godkjenning av årsmelding og rekneskap for 2017, planar og budsjett for 2018. Vi vil drive neste år om lag som dei siste åra., med 2 opne songdanskveldar, og 2 kaffikveldar per halvår. Medlemspengane blir dei same som året før – kr 400. Det var òg stemning for ein dagstur til sumaren andre helga i juni, laurdag eller søndag. Alle i styre og nemnder vart attvalde. Ingen vart vald til redaktør i Fantefølje, sidan det ikkje er aktuelt å gje ut nye nummer av bladet. Styret vil kontakte folkedansnemnda med sikte på at laget kan skipe til eit minikurs pr halvår, til dømes enkle turdansar/songdansar. Årsmøtet vedtok at laget skal levere  den eldre delen av arkivet til Oslo Byarkiv, det blir stort sett dokument og bilete/album/jubileumsbøker. I tillegg vil vi levere inn den gamle fana. Den nye fana kan vi eventuelt deponere for eit visst åremål for seinare å bli arkivet sin eigedom. Vi vil også vurdere om det er aktuelt å levere inn/deponere sverda.

Biletet viser den gamle fana.