Her vil det kome referat frå ulike tilskipingar i Oslo Songdanslag. Jubileumsboka «Oslo Songdanslag 90 år» som kom ut i 2012, inneheld grundig dokumentasjon av laget til og med 2012. Så det som kjem her, vil vere eit og anna etter 2012. Under menyknappen «Historia» ligg ei kort oppsummering av historia med nokre bilete. For å leite etter eit innlegg/tema på denne heimesida, kan du søke med «lupa» i menyen øvst til høgre på sida.

Juleavslutning 4. desember 2023

,
Juleavslutning Det var i alt 14 som møtte til juleavslutninga i år. Som vanleg vart det servert julebrød og heimebaka julekaker, kaffi og te. Vi song nynorske julesongar dette "nynorsksemesteret". Vi fekk sjå historiske innslag frå 1970-talet.…

Kaffikveld 4/9 2023

Det var ikkje så mange som møtte på kaffikvelden, men vi hadde eit hyggeleg bordsete med kaffi/te og biteti. Vebjørn viste ein del videoar frå tidlegare tider i laget, frå slutten av 1900-talet. Så var det litt dans, både musikkdans…

Kaffikveld i Oslo Songdanslag måndag 6. september 2021

,
Kaffikveld i Oslo Songdanslag sept 2021 Oslo Songdanslag starta haustsemesteret 2021 med kaffikveld i Halli. Det var ikkje dans, og vi sat på faste plassar med god plass mellom borda. Dei fleste hadde med eigen drikke og kaker til eit felles…