Her vil det kome referat frå ulike tilskipingar i Oslo Songdanslag. Jubileumsboka «Oslo Songdanslag 90 år» som kom ut i 2012, inneheld grundig dokumentasjon av laget til og med 2012. Så det som kjem her, vil vere eit og anna etter 2012. Under menyknappen «Historia» ligg ei kort oppsummering av historia med nokre bilete. For å leite etter eit innlegg/tema på denne heimesida, kan du søke med «lupa» i menyen øvst til høgre på sida.

Årsmøtet 2020

,
Årsmøtet 2020 i Oslo Songdanslag var måndag 10. februar 2020. Det var 11 som møtte. Møtet opna med korsong på Internett! Årsmelding, rekneskap, planar og budsjett vart vedtekne med eit par små korrigeringar. Det vart vedteke at på dei…

Fin dagstur til Balke-senteret på Toten juni 2019

,
Det var 12 stk som deltok på Oslo Songdanslag sin dagstur til Peder Balke-senteret på Toten. Vi var velsigna med strålande fint ver og utsikta over Mjøsa var framifrå. Framifrå var også maten på den koslege kafeen og det var triveleg…

Sumaravslutning i mai 2018

,
Den vanlege avslutninga var tidleg i 2018 - før 17. mai. Som vanleg var det mat/drikke, allsang og dans - songdans og musikkdans. Her er to bilde frå kvelden.    

Øvingskvelden 14. april 2018

,
Det var ikkje så mange som møtte fram til øvinga måndag 14. mai 2018, men dei som kom fekk ei triveleg økt både ved bordet og på dansegolvet. Som vanleg starta vi med kaffi/te/kaker, og det var mange kaker å velje i!  Allsong brukar…