Her vil det kome referat frå ulike tilskipingar i Oslo Songdanslag. Jubileumsboka «Oslo Songdanslag 90 år» som kom ut i 2012, inneheld grundig dokumentasjon av laget til og med 2012. Så det som kjem her, vil vere eit og anna etter 2012. Under menyknappen «Historia» ligg ei kort oppsummering av historia med nokre bilete. For å leite etter eit innlegg/tema på denne heimesida, kan du søke med «lupa» i menyen øvst til høgre på sida.

Årsmøtet i Oslo Songdanslag 2018

Laget hadde årsmøte måndag 5. februar 2018 i Halli. Det var 13 som møtte. Årsmøtet vart avvikla på vanleg måte, med godkjenning av årsmelding og rekneskap for 2017, planar og budsjett for 2018. Vi vil drive neste år om lag som dei…

Songdansøvinga 13. november 2017 i OSL

Det var ikkje meir enn 6 par som møtte til songdansen denne kvelden. Men vi hadde som vanleg ei matøkt med allsang og dessutan ei orientering frå ein av medlemane i den nemnda i BLS som skal legge fram forslag om korleis BLS kan aktiviserast…

Fin songdanskveld 16/10 2017

,
Det var bra frammøte på den første av to songdanskveldar denne hausten. Som vanleg fekk vi oss litt mat/kaffi/te først, så var det litt allsang ("Tre små møyar") så var det songdans og stordans resten av kvelden. Dansen gjekk fint! Vebjørn…

Semesterstart i Oslo Songdanslag hausten 2017

Det var ikkje så mange som hadde høve å møte fram på laget sin kaffikveld 12. september i Halli. Men vi hadde eit hyggjeleg bordsete med kaker og kaffi/te, lagssaker, allsang og prat. Inger Frøydis underheldt med langeleikspel. Etterpå…

Sumaravslutning på Rodeløkken Café

Vi var 14 til saman som møttest søndag 11/6 2017 på rodeløkken Cafe på Bygdøy til siste avslutning før ferien. Vi hadde god plass på kafeen, laga langbord og hadde to hyggjelege timar saman med litt mat og kaffi. Etterpå var det fleiste…

Siste kaffikvelden i Oslo Songdanslag 22. mai 2017

Vi var ikkje så svært mange på siste kaffikvelden, men vi hadde ei fin avslutning, med kaffi/te, kaker, allsong og musikk- og songdans. Vi song songar/salmar eav Elias Blix. Solvor spela og Vebjørn leia leiken. Det vart bestemt at vi møtest…

Fin songdanskveld 3. april 2017

Det var bra med folk på øvingskvelden måndag 3. april i Oslo Songdanslag. Gode kaker og kaffi/te ved bordet og allsang! Så var det ei blanding av stordans og songdans - vårviser.

Årsmøte i Oslo Songdanslag 2017

Laget hadde årsmøte måndag 13. februar i Halli. Det var 10 som møtte. Årsmøtet vart avvikla på vanleg måte, med godkjenning av årsmelding, rekneskap, planar og budsjett for 2017. Vi vil drive neste år om lag som dei siste åra., med…

Hyggjeleg juleavslutning i 2016

Det var 20 stykker som møtte fram til juleavslutninga i Oslo Songdanslag 5. desember 2016. Som bileta viser hadde den faste julenemnda (Liv, Gunnar Inger og Per) laga svært fint til, både fint pynta bord og eit lekkert matbord. Det smakte…

Fin songdanskveld i november 2016

Det var knapt 20 som møtte fram til laget sin songdanskveld 7. november 2016. Som vanleg var det mat/drike og prat kring bordet og allsang før vi dansa. Det var vanleg songdans og stordans. Vebjørn leia dansen. Ein hyggjeleg kveld!