Her vil det kome referat frå ulike tilskipingar i Oslo Songdanslag. Jubileumsboka «Oslo Songdanslag 90 år» som kom ut i 2012, inneheld grundig dokumentasjon av laget til og med 2012. Så det som kjem her, vil vere eit og anna etter 2012. Under menyknappen «Historia» ligg ei kort oppsummering av historia med nokre bilete. For å leite etter eit innlegg/tema på denne heimesida, kan du søke med «lupa» i menyen øvst til høgre på sida.

Songdanskveld måndag 10. oktober 2016

,
Sjølv om vi var nokså få på songdanskvelden, hadde vi det triveleg med allsang, mat/kaffi og stordans/songdans.  Vi song mellom anna Frøken Johanson og jeg og Vals på Sunnanø. Vi dansa Tordivelen og fluga som stordans, og det passa fint.…

Fint gjennomført Kulturnatt i BLS

Det gjekk fint då BLS-laga arrangerte Kulturnatt fredag 16. september. Det meste fungerte slik det var planlagt. På Barnelaget si øving var det bra med folk, også utafrå. Tidvis var det også nokså fullt på dansegolvet i Stordalen der…

Kulturnatt i Oslo også i BLS-lokala 16 september

Oslo kommune har i mange år arrangert det dei kallar "Kulturnatt i Oslo". I år vil også laga i BLS delta! Det skjer atså 16. september 2016 kl 17.00 - 01.00. Alt er gratis! Det blir eit omfattande kulturtilbod både i BLS-huset og i Nynorskens…

Flott dagstur til Blåfarveværket

,
Det var ikkje meir enn 10 stk med på dagsturen til Blåfarveværket og Kittelsen-museet. Men ikkje minst pga det flotte veret vart det ein strålande tur for dei som drog dit. Vi møttest ved opningstider kl 11 og brukte den første tida til…

Kaffikvelden 23. mai 2016

,
Det var ikkje så mange som møtte fram til siste kaffikvelden våren 2016. Vi var vel berre 5 par i ringen. Men vi dansa ein del songdans og eit par musikkdansar før vi tok kaffipausen. Det smakte godt med vaflar og andre kaker, og det var…

Songdanskvelden 11 april 2016

Det var meir folk enn på lang tid på den opne songdanskvelden i Halli 11. april 2016. Vi var 25 til saman. Vi starta med songdans/stordans, så var det bordsete og då smakte Liv sine kaker godt som vanleg. Kveldens allsanger var henta frå…

Songdanskvelden 14. mars 2016

Måndag 14. mars var det songdanskveld i Halli i Nordahl Brunsgt 22. Bra frammøte, men det var god plass til fleire! I tillegg til god mat (sjå biletet) var det songdans, stordans og allsong. Denne gongen var det visa "Tømmerhoggaren" vi…

Årsmøtet 2016

,
Det var Årsmøte i laget 8. februar 2016. I alt 13 deltok. Dei vanlege årsmøtesakene var avvikla på vanleg måte. Laget har no 27 medlemer. Det vart vedteke å auke medlemspengane til kr 400. Vi vil halde fram med at det ikkje blir betalt…

Kaffikveld januar 2016

  Det var i alt 15 som var innom kaffikvelden i Oslo Songdanslag måndag 11. januar 2016. Som vanleg starta vi med kaffi og kaker - restane av julekakene til Inger Frøydis. Vebjørn fortalde litt om den nye heimesida til laget www.oslosongdanslag.no…

Flott juleavslutning 2015

,
Juleavslutninga i Oslo Songdanslag var som vanleg første måndagen i desember. Den faste nemnda (Inger, Liv, Per og Gunnar) hadde ordna fint i stand med gode julekaker, god kaffi, pent pynta bord , julestjerner og levande lys. Og folk kom etter…