Her vil det kome referat frå ulike tilskipingar i Oslo Songdanslag. Jubileumsboka «Oslo Songdanslag 90 år» som kom ut i 2012, inneheld grundig dokumentasjon av laget til og med 2012. Så det som kjem her, vil vere eit og anna etter 2012. Under menyknappen «Historia» ligg ei kort oppsummering av historia med nokre bilete. For å leite etter eit innlegg/tema på denne heimesida, kan du søke med «lupa» i menyen øvst til høgre på sida.

Fin songdanskveld måndag 9. november

Det var 18 som møtte opp til den opne songdanskvelden i Halli denne måndagen. Vi fekk kaffi og kaker - både heimebaka og kjøpekaker -  og ein prat og så var det songdans. Vi starta med Agnus Dei og Horpa, to fine folkeviser, og deretter…

Teikningar av Harald Aadnevik

Teiknaren og illustratøren Harald Aadnevik var medlem i laget i mange 10-år, og gjorde ein stor innsats på mange vis både som framsyningsdansar, i styret og ikkje minst som teiknar i lagsbladet "Fantefølje". I 2002 ga han i samarbeid…

Gravferd for Bodil Loftsgarden 2012

Bodil Loftsgarden var siste æresmedlemen i Oslo Songdanslag Når ein sentral medlem i laget vart gravlagd, var det vanleg at medlemene møtte fram i bunad og stod nedover kyrkjegolvet som æresvakt. Fana til laget var også med. Fredag 7. desember…

Siste 17. mai på Dikemark 2010

Oslo Songdanslag har dansa på Dikemak og Vardåsen i mange 10-år på 17. mai, og i 2010 dansa vi der for siste gong.  Denne gongen var vi 5 par og to jenter, og spelemannen Sigurd Gjerde. Veret var litt surt, men opphaldsver. Vi dansa inne…

Kaffikvelden mai 2013

Det var over 20 medlemer til stades på kaffikvelden siste måndagen i mai 2013. Det var laga til mykje og sunn mat - salat, frukt, kake og kanelbollar. Johs. delte ut medlemskort til alle, både dei som hadde betalt og andre, Vebjørn sa nokre…

Juleavslutning 2013

Det vart ei fin avslutning på hausthalvåret i Halli 9. desember 2013. Nemnda hadde stelt så fin i stand for dei drygt 20 som møtte. Det var også fin underhaldning og merkeutdeling. Grethe fekk merke for 50 års medlemskap, og Inger Frøydis…

Tur til Stenudden juni 2013

Strålande fin helg på Stenudden 14. - 16. juni 2013 Som kjent fekk Oslo songdanslag som gåve på 90-års dagen eit helgeopphald på Stenudden, hytta til Hembygdsgillet i Karlstad litt utafor Karlstad. Som mange veit er dette ein eineståande…

Jubileumsfesten i 2012

Den 11. oktober 2012 fylte Oslo Songdanslag 90 år. Det måtte sjølvsagt feirast i eit lag som ha vore glad i fest og moro. Det vart lagt ned eit stort arbeid for å samle gamle medlemer. Helga 5-7 oktober hadde laget ei svært vellukka jubileumsfeiring.…

Juleavslutninga 2014

,
Den vanlege nemnda (Inger og Per, Liv og Gunnar) hadde stelt fint i stand til juleavslutninga 8. desember 2014. Vi vart ikkje så svært mange men det vart ei hyggjeleg stund ved matbordet, der Per las opp og Inger Frøydis song, og alle song…

Utflukt til Finnskogen juni 2015

Dette året hadde vi planlagt ei ekstra avslutning på vårhalvåret med å delta på "Junikveld" på småbruket der Hans Børli budde, Oppistun Børli søndag 7. juni 2015. Vi var i alt 13 frå Oslo Songdanslag. Til saman var det ca 750 deltakarar,…