Det var 12 stk som deltok på Oslo Songdanslag sin dagstur til Peder Balke-senteret på Toten. Vi var velsigna med strålande fint ver og utsikta over Mjøsa var framifrå. Framifrå var også maten på den koslege kafeen og det var triveleg å rusle rundt i hagen og sjå på målinga til Peder Balke i eit av romma. Etterpå køyrde vi til Balke kirke og fekk fin og interessant omvising i kyrkja ved presten. Kyrkja låg svært vakkert til med utsikt over bygda og deler av Mjøsa. Vi legg ved nokre bilde frå turen.

Oslo Songdanslag
Nordahl Brunsgate 22, 0165 Oslo

Leiar Vebjørn Bakken
tlf 90194897

Org.nr: 974 926 857

Leiar Vebjørn Bakken
vebbak@online.no