Fin juleavslutning 2019

Det var 20 stk som deltok på juleavslutninga i Oslo Songdanslag måndag 2. desember 2019. Den faste nemnda (Inger/Per og Liv/Gunnar) hadde stelt fint i stand som vanleg (sjå bilde) med blomar, raude lys og serviettar etc. Og julekakene smakte like godt som alltid. Dei hadde òg laga til songar  som vi song ved bordseta. Per fortalde som vanleg eit par gode historier og Vebjørn fortalde kva programmet for vårhalvåret er, og viste nokre bilde frå året som har gått på skjermen. Han fortalde òg at arkivet til laget er klart til avlevering til Oslo Byarkiv, og sende rundt nokre ting frå arkivet, mellom anna albumet som Børre fekk då han slutta som formann etter 25 år. Elles var det ei blanding av songdans og musikkdans. Vebjørn leia dansen og Solvor spela. Til slutt fekk dei som hadde fortent det ekstra ei julestjerne med seg heim. Mellom dei var Johs. som dagen før fylte 70 år. Nest etter Børre er han den som har lengst tenestetid i styret i Oslo Songdanslag – totalt 20,5 år! Som mange gonger før gledde Turid oss med nokre fine julemelodiar på pianoet. Banneret som Vebjørn viser fram, er mellom dei tinga vi leverer til Byarkivet.