Juleavslutninga i Oslo Songdanslag var som vanleg første måndagen i desember. Den faste nemnda (Inger, Liv, Per og Gunnar) hadde ordna fint i stand med gode julekaker, god kaffi, pent pynta bord , julestjerner og levande lys. Og folk kom etter kvart. Vi vart 22 til saman – det var fint. Turid spela julemelodiar på pianoet – slik ho har gjort det så ofte før. Det gir stemning til kvelden. Under matøkta fortalte Vebjørn litt om BLS, vi song to fine Prøysen-julesongar, Inger Frøydis spela ein julesong på langeleiken og den nye teksten song vi alle. Per og Gunnar framført ei historie frå Voss – morosamt og uhøgtideleg. Av Turid fekk vi det einaste nummererte eksemplaret av 50-års-boka om laget, den som vart lodda ut då boka vart lansert i 2012. Takk til Turid, vi skal ha boka i bakhand til ei god anledning! Så var det dans, litt songdans, musikkdans og to songdansar til slutt. Som vanleg spela Solvor til dansen. Heilt til slutt var det utdeling av merke og takk og blomar til alle som fortente det. Ein særleg gratulasjon går til Per som fekk 60-års-merket! Så bad alle god jul og takk for i år.