Søndag 3/11-2019 var Oslo Songdanslag ansvarleg for minikurs/folkedanskveld i BLS. Det er mange år sidan sist vi hadde slikt ansvar, og det heile gjekk greitt. På minikurset var det 15 deltakarar, dansen var «Folklig menuett», den nye svenske rekonstruerte dansen. Solvor spela og Vebjørn/Inger Frøydis instruerte. Det var ikkje så mange på folkedanskvelden, så overskotet for laget for dugnadsinnsatsen, vart vel ikkje så stor. Stor takk til dei som stilte opp som vakter både i kaféen og til å ta imot inngangspengar! Bildet er frå minikurset.