Lagssogene i Oslo Songdanslag. Ei 50-års soge og ei 90-års soge.

Oslo Songdanslag har gitt ut to lagssoger. Den første kom i 1972, då laget fylte 50 år. Den andre i 2012 då laget var 90 år. Den siste var svært om fattande og dekka heile 90-års perioden og inneheldt mange bilde. Det finst nokre få eksemplar av boka, dersom nokon ville kjøpe.

I bildegalleriet til høgre har vi teke med dei to fanene til laget. Den eldste er frå 1932 og den yngste frå 1969. Så har vi inkludert to personar. Den eine er Ragna Øygard, som var første rettleiaren i laget, og blir kalla lagets mor. Den andre er Rolf Børresen – «Børre» – som var formann i laget i 25 år.