Kaffikveld i mai 2020 trass i korona

Vi var 9 personar samla i Halli til kaffikveld 25. mai 2020. Vi sat langt frå kvarandre, hadde med eigen termos og nokre hadde kaker med. Vi prata og mimra om gamle dagar i laget. Vebjørn hadde teke med ein del av dei gamle møtebøkene frå 1922 og framover og nokre gamle Fantefølje. Og vi las eit par stykke frå både protokoll og avis. Dessutan såg vi kvar vi kunne finne avskriftene av møtebøkene på heimesida www.oslosongdanslag.no . Gå inn på menyvalet «Nyttig» og vel underpunktet «Laget i gamal tid», så kan du laste ned ei pdf-fil med nøyaktig avskrift av møtebøken frå lagets første 50 år, frå 1922 -72. Her er mykje spennande å lese. Rart laget kunne overleve i vanskeleg år både på 1920-talet, på 30-talet og under krigen. Etter krigen var det vanskeleg å kome i gang igjen, men frå hausten 1946 gjekk det jamt framover. Avskrift av Fantefølje kjem seinare.

Click here to add your own text