Nokre små glimt frå «Fantefølje» – lagsbladet til Oslo Songdanslag

Oslo Songdanslag vart starta i 1922. I 1927 kom første utgåva av «Fantefølje», det som skulle bli avisa eller lagsbladet til laget. Bladet kom ut litt uregelmessig til 2012, då det hittil siste nummeret kom ut, 90 års jubileumsnummeret. Frå starten var det eit handskrive blad som vart opplese på kaffikveldane eller kaffispleisane i laget. I seinare 10-år vart bladet stensilert og kopiert til alle medlemene. Frå 1980-talet var Gudny Flatabø redaktør og skreiv mykje. Harald Aadnevik var fast teiknar i mange år og leverte mange fine illustrasjonar til bladet. Her tar vi med ein del av desse, spesielt mange av dei fine portrett-teikningane av medlemer i laget.