Det var ikkje så mange som møtte fram til øvinga måndag 14. mai 2018, men dei som kom fekk ei triveleg økt både ved bordet og på dansegolvet. Som vanleg starta vi med kaffi/te/kaker, og det var mange kaker å velje i!  Allsong brukar stå på programmet, denne gongen ein Vinje-song: Tytebæret oppå tuva. Den dansa vi også etterpå. Elles var det ei blanding av songdansar og stordansar resten av kvelden. Vi legg ved eit par av bileta vi tok ved bordet.