Det var ikkje meir enn 6 par som møtte til songdansen denne kvelden. Men vi hadde som vanleg ei matøkt med allsang og dessutan ei orientering frå ein av medlemane i den nemnda i BLS som skal legge fram forslag om korleis BLS kan aktiviserast i tida framover. Så hadde vi dans, både songdansar og stordansar. Per Dugstad krydra kvelden med muntre historier, som alltid når han er til stades.