Startsida for Oslo Songdanslag

Oslo Songdanslag er ein leikarring eller folkedanslag og eit ungdomslag i Oslo. Laget held til i Bygdelagshuset, Nordahl Brunsgt 22 i Oslo.
Oslo Songdanslag er eit lokallag i Bygdelagssamskipnaden i Oslo og i Noregs Ungdomslag.
Laget arbeider med alle typer norsk folkedans: Gamaldans, turdans, songdans, bygdedans. Men i seinare år har vi lagt hovudvekta på songdans/stordans og turdans.
Vi har faste øvingar/samkomer ein gong for månaden, slik terminlista vår viser.
Nokre gonger kallar vi øvingane «kaffikveld» – då er det ekstra mange kaker og ofte program i tillegg til dansen.
Du finn meir om dei ulike aktivitetane ved å trykke på menyknappane oppe til høgre.
Nedanfor finn du òg meir informasjon om laget:

Oslo Songdanslag si gamle heimeside.
Oslo Songdanslag si gruppe på Facebook.
Stordansens venner på Facebook
Kursannonser på «Kursagenten».

Oversikt over alt som skjer innan folkedans og folkemusikk i Noreg og Norden finn du her på Folkedans.com.
Siste nytt: Vi har lagt inn avskrift av Styreprotokollen 1922-1972 og det handskrivne bladet «Fantefølje» 1927-1963. Dette er ei samling unike kulturhistoriske dokument. Velje i menyen øvst: «Nyttig/Laget i gamal tid».

(NB: For å finne eldre innlegg på denne heimesida kan du trykke på «lupa» lengst til høgre øvst på sidene.)
(Bilda øvst på denne sida blir store dersom du trykker med musa nedst til høgre på bildet.)