Avskrift av gamle bøker i Oslo Songdanslag sitt arkiv.

Her finn du avskrift av møtebøkene til laget frå dei første 50 åra, frå stiftinga i 1922 til 1972. Det gir eit svært spennande innblikk i korleis laget utvila seg gjennom tidene, og korleis det mirakuløst nok overlevde mange kriser med lite pengar og få medlemer. Avskrifta er ordrett slik det står i møtebøkene. Dette er eit skattkammer for dei som har interesse for folkedansen før under og etter krigen! (I alt 244 000 ord!)

Trykk på lekkja, så blir pdf-fila lasta ned. Oslo Sangdanslag møtebok 1922 til 1972 nov 18 2020

Den handskrivne avisa til Oslo Songdanslag – Fantefølgje – frå 1927 til 1963.
Vi har skrive av den nesten komplette handskrivne avisa/bladet til laget. Dette gir eit svært spennande innblikk i korleis ei slik handskriven avis kunne vere i eit lag. Ikkje minst er det moro å sjå korleis avisa utvikla seg gjennom alle desse åra. Mange av dei som skreiv i avisa er svært flinke. Det er mykje humor, vidd og omtale av både personar og hendingar i laget, til dømes referat frå festar og reiser. Mange var flinke å skrive på vers. Nokre skreiv på nynorsk, nokre på bokmål og ein del på dialekt. Eg har i tillegg prøvt å finne ut kven dei ulike skribentane er (mange brukte pseudonym), og dei som oftast er omtala.
Her er pdf-fil for heile perioden 1927 til 1963 (dobbelklikk på lekkja så blir fila lasta ned). Fantefylgje heile korr9okt2020