Sumarturen 2018 til Villa Fridheim ved Krødern

Også i år vart det sumartur i Oslo Songdanslag – laurdag 16. juni 2018. Anne hadde lagt til rette for ein svært vellukka tur til dette eventyrslottet som ein av forfedrane til Anne fekk bygt på 1890-talet. Her er det no blitt eventyrmuseum, og vi fekk ei fin og eksklusiv orientering om historia til huset og om innhaldet. Så gjekk vi rundt i dei mange spennande romma og heilt opp i tårnet med fantastisk utsikt over Krødern. I kafeen fekk vi kjøpt oss mat. Ein svært vellukka tur, og det var 17 som deltok. Vi lastar inn nokre bilde frå turen.