Julefesten – Fin avslutning på hausten 2018

Det var bra frammøte på julefesten i Oslo Songdanslag måndag 3. desember 2018 – det var dekka til 20 og alle setene vart fylte. Den faste nemnda, med litt støtte, hadde som vanleg laga til eit pent langbord, god kaffi/te og julekaker med og utan brunost. Det smakte godt!  Under bordsetet song vi 3 songar, og Vebjørn viste fram den nye heimesida, og vi mimra om gamle dagar i Oslo Songdanslag via to gamle NRK-program. Rart å sjå igjen gamle/unge kjente! Så var det dans, både litt stordans, songdans og musikkdans. Og nytt bordsete med utdeling av 5-års-medaljer: Karstein, Mari, Bjarne, May Britt og Bjørn Harald fekk alle 35-års medaljer, Inger Frøydis (ikkje til stades) fekk 50-års medalje og Grethe fekk 55 års medalje! Av Karstein fekk laget eit eksemplar av den nåla Oslo Songdanslag hadde som merke før NS overtok merket, og laget vårt måtte få nytt. Det skjedde i 1933. Karstein har teke vare på merket i mange år. Nå skal merket saman med anna arkivmateriale overførast til Oslo Byarkiv. Før vi song avslutningssongen, fekk nokre dei fine julestjernene som takk for innsatsen: Vebjørn, Solvor og julefestnemnda. Vel blåst! (Bilde av Børre frå NRK-programmet. Han var formann i 25 år!)
Til høgre har vi lagt inn eit bilde av Inger Frøydis med 50-års medalje og eit bilde av det gamle olavs-krossen som var Oslo Songdanslag sitt merke før 1933.