Det var Årsmøte i laget 8. februar 2016. I alt 13 deltok.
Dei vanlege årsmøtesakene var avvikla på vanleg måte. Laget har no 27 medlemer. Det vart vedteke å auke medlemspengane til kr 400.
Vi vil halde fram med at det ikkje blir betalt øvingspengar/kaffipengar på øvingar/kaffikveldar.
Laget gjekk inn for at vi skal profilere laget med songdans/stordans og på begge dei halvårlege temakveldane skal det vere songdans/stordans.
På kaffikveldane (starten og avslutninga på eit halvår) skal det vere ei blanding av musikk- og songdans som før.
Vi gjekk dessutan inn for å bidra med songdans/stordans på Kulturnatta 16. september 2016.
Likeeins skal styret prøve å få i stand ein dagstur ved slutten av vårhalvåret. Kom med forslag!
Under «Val» vart det attval på alle punkt. Anne Skomedal vart vald til teaterkontakt og vil prøve å arrangere ein teatertur.
Utsendingar til BLS vart Vebjørn Bakken og Johs. Kolltveit vara Per Dugstad og Bjørn Harald Flobekk.
Etter at dagsorden var gjennomført, var det orientering/samtale om det bør opprettast eit Bygdelagshuset AS som skal eige/drifte Nordal Brunsgt 22.