Årsmøtet 2020 i Oslo Songdanslag var måndag 10. februar 2020. Det var 11 som møtte. Møtet opna med korsong på Internett! Årsmelding, rekneskap, planar og budsjett vart vedtekne med eit par små korrigeringar. Det vart vedteke at på dei vanlege øvingane skal det vere songdans/stordans/allsong slik vi har praktisert det i seinare år, på kaffikveldane blir det både songdans og musikkdans. Ved val på styre og ombod vart det attval. Vebjørn tar eit år til som leiar. Johs vart vald som kasserar for 2 år og Gro var ikkje på val. Karstein vart attvald som vara til styret. Revisor og valnemnd vart attvalde. Vebjørn og Inger Frøydis vart valde til utsendingar i BLS. Styret fekk mynde til å peike ut ein utsending til landsrådet i NU, dersom BLS betaler utgiftene. I etterkant av årsmøtet fortalde Vebjørn om ein del av dei aktuelle sakene i BLS og i NU, og synspunkt vart utveksla.