Det var ikkje meir enn 10 stk med på dagsturen til Blåfarveværket og Kittelsen-museet. Men ikkje minst pga det flotte veret vart det ein strålande tur for dei som drog dit. Vi møttest ved opningstider kl 11 og brukte den første tida til å sjå på utstillinga med Kai Fjell og andre samtidskunstnarar. Så fekk folk seg litt mat på uteserveringa, mellom anna rømmegraut, og nokre nytta høvet etterpå til å høyre på konserten i Glasshytta med musikarar frå Nordstrand og songarar frå Ås. Retteleg fin konsert. Etter kvart drog alle dei 8 km vidare til Kittelsen-museet og området med gruvene. Kittelsen-museet var kanskje det vi sette aller størst pris på, så fint laga til i den gamle fint restuarerte arbeiderboligen. Eit eineståande fint tillaga museum. Har var det og andre museum å gå innom, mellom anna eit skulemuseum. Dessutan kunne vi nyte den strålande utsikta herifrå, og smake på dei gode vaflane dei serverte her. Så drog vi heim att, etter ein lang og hyggjeleg dag. Vi legg inn nokre bilete frå dagen.