Forsiktig start på hausthalvåret i Oslo Songdanslag

Det var ikkje meir enn 8 tilstades då laget starta hausthalvåret med kaffikveld 7/9-2020. Vi sat plassert rundt i salen i ein ring og med god avstand mellom kvart bord, så det var liten fare for smitting. Vi fortalde litt om oss sjølve i desse koronatider. Vebjørn viste diverse på skjerm, og fortalde litt frå gamle Fantefølje som han har skrive av. Vi drakk kaffi/te frå termos og åt gode kaker som sume hadde teke med til fellesbordet. Og vi sang litt – Roland og Magnus kongen denne gongen. Vi bestemte at vi ikkje kan ta på oss å skipe til folkedanskveld i haust, men vi vil prøve å møtast etter terminplanen, sjølv om det truleg blir lite dansing. Trass i at det ikkje vart dans: Ei hyggeleg kveldsstund!