Juleavslutning 2021

Måndag 6. desember hadde Oslo Songdanslag juleavslutning. Vi var vel 16 i alt med god avstand rundt eit fint dekka julebord. Den faste julebordnemnda (Inger, Per, Liv og Gunnar) hadde stelt i stand og serverte gode julebrød med brunost. Det smakte godt. Nokre julesongar fekk vi tid til, men ikkje alle. Vi dansa litt songdans og berre ein musikkdans, men Solvor sytte for nokre fine slåttar. Så var det utdeling av årsmerke. Det var mange som fekk, for det var ikkje utdeling i fjor. Per og Inger fekk begge 65 års-merket. Per byrja i laget i 1955, Inger i 1956. Ei bra lang tenestetid! Anne fekk 60 års-merket. Ikkje verst det heller! Vi legg ved nokre bilde frå festen.