Kaffikveld i Oslo Songdanslag sept 2021
Oslo Songdanslag starta haustsemesteret 2021 med kaffikveld i Halli. Det var ikkje dans, og vi sat på faste plassar med god plass mellom borda. Dei fleste hadde med eigen drikke og kaker til eit felles kakebord. Også spelkvinna vår, Solvor, var der og bidrog med fin musikk. Mellom anna fekk vi høyre ein gonglåt som i 1938 vart telegna Børre og Martha Børresen. Elles hadde Solvor laga til ein quiz som inneheld ulike musikk- og songdansar. Det var i alt 11 til stades, og vi hadde ein triveleg kveld saman!