Juleavslutning
Det var i alt 14 som møtte til juleavslutninga i år. Som vanleg vart det servert julebrød og heimebaka julekaker, kaffi og te. Vi song nynorske julesongar dette «nynorsksemesteret». Vi fekk sjå historiske innslag frå 1970-talet. Laget har slutta med å lage nye «årsmerke», men dei som fyller «medlemsår» blir lesne opp og heidra. I år fekk dessutan to av dei årsmerke av restopplaget, Inger Frøydis (55 år) og Bjørg (40 år). Litt songdans og musikkdans til slutt, Solvor spela som vanleg.