Det var over 20 medlemer til stades på kaffikvelden siste måndagen i mai 2013. Det var laga til mykje og sunn mat – salat, frukt, kake og kanelbollar. Johs. delte ut medlemskort til alle, både dei som hadde betalt og andre, Vebjørn sa nokre minneord om Gudny M. Flatabø som nyleg var gått bort 93 år gamal, og fleire fortalte små episodar frå samværet med Gudny. Elles fekk vi høyre om nokre andre lagssaker, og Solvor fekk blomar og godord fordi ho fylte 60 år og har spela så trufast dei siste 10 åra. Så var det dans den siste timen. Ein hyggjeleg kveld!

Det var nokså mange med frå Oslo Songdanslag då Gudny M. Flatabø vart bisett 15. mai 2013 i Nye Kapell på vestre Gravlund. Det var ei fin gravferd med gild song og musikk. Det var blomehelsing frå laget, og Vebjørn sa nokre minneord. Mange av oss var også med på minnesamværet etterpå, og Inger D. fortalde litt frå samværet med Gudny. Vi dansa også etter oppfordring to songdansar. Vi tar med nokre bilete frå gravferda.