Bodil Loftsgarden var siste æresmedlemen i Oslo Songdanslag
Når ein sentral medlem i laget vart gravlagd, var det vanleg at medlemene møtte fram i bunad og stod nedover kyrkjegolvet som æresvakt. Fana til laget var også med.
Fredag 7. desember 2012 vart den siste æresmedlemen vår, Bodil Loftsgarden, bisett i Bekkelaget kirke. Det var ei fin gravferd. Det var bra mykje folk både frå Oslo Songdanslag og andre. Halvor Håkanes framførte tre songar, svært fint. Vebjørn sa nokre minneord frå Oslo Songdanslag. Det var ein bårebukett frå laget med påskrifta «Takk for innsatsen. Oslo Songdanslag». Det var også blomar frå vener i og utanfor laget. Fana til laget stod framme i kyrkja med svart band. Då dei bar kista ut or kyrkja, stod medlemer i laget æresvakt nedetter kyrkjegangen. Dei fleste hadde bunad. Bodil vart gravlagd ved Seljord kyrkje saman med mannen  Eivind Loftsgarden. Bodil var frå Rjukan, Eivind frå Seljord.
Etter at Eivind døydde i 1992, budde Bodil åleine i det koselege huset deira på Simensbråten, heilt til ho døydde.

Vi har funne fram nokre bilete av Bodil (1928-2012) og Eivind (1919-1992). Dei to vart utnemnde til æresmedlemer i 1977. Dei var dugande A-klasse dansarar og dansa svært mykje framsyning for laget, og ofte viste dei telespringar eller gangar, som var deira spesialdans. Bodil gjorde òg ein stor innsats i «Fantefølje». Porten som er vist på eit av bileta nedafor, står framleis utafor huset deira på Simensbråten. Det var porten til den legendariske svensken, æresmedlem Pelle, som budde i eit lite hus i Prinsdalen, og gjennom heile livet var ein viktig støttespelar for laget.