Teiknaren og illustratøren Harald Aadnevik var medlem i laget i mange 10-år, og gjorde ein stor innsats på mange vis både som framsyningsdansar, i styret og ikkje minst som teiknar i lagsbladet «Fantefølje». I 2002 ga han i samarbeid med laget ut eit hefte med flotte fargelagde illustrasjonar av nokre av våre finaste danseviser. Harald er framleis aktiv som teiknar og kunstnar.
I bildeserien nedanfor har vi valt ut nokre av dei flotte teikningane han laga for Oslo Songdanslag. Vi synest dei fortener eit stort publikum.
(Trykk på eit bilete så startar framvisinga i stort format.)