Den 11. oktober 2012 fylte Oslo Songdanslag 90 år. Det måtte sjølvsagt feirast i eit lag som ha vore glad i fest og moro. Det vart lagt ned eit stort arbeid for å samle gamle medlemer.
Helga 5-7 oktober hadde laget ei svært vellukka jubileumsfeiring. Sume kom til middag fredagskvelden, og hadde ein koseleg kveld saman. Laurdag var det mimring med bilete frå tidlegare tider, og om kvelden jubileumsfest: Først middag og deretter dans , kaffi og kaker, og meir dans. Det var ca 60 til stades. Under bordsetet underheldt Kirsten Bråten Berg med fine stev og viser. Solvor Sundsbø og Benjamin Kehlet sytte for fin musikk til dansen, og Inger Frøydis og Vebjørn Bakken leia leiken. Mange fekk eit hyggjeleg gjensyn med vener frå «gamle dagar».
Jubileumsboka «Oslo Songdanslag 90 år» var ikkje ferdig til festen, men vart presentert på julefesten i Halli i desember same året.