Strålande fin helg på Stenudden 14. – 16. juni 2013
Som kjent fekk Oslo songdanslag som gåve på 90-års dagen eit helgeopphald på Stenudden, hytta til Hembygdsgillet i Karlstad litt utafor Karlstad. Som mange veit er dette ein eineståande fin plass på ein odde ute i den store innsjøen. Det var 7 frå Oslo som drog fredag ettermiddag og 2 som drog laurdag morgon. Vi vart mottekne på aller beste måte, og det vart eit opphald som vi vil minnast lenge, saman med gode vener frå Karlstad.