På julefesten i jubileumsåret 2012 kunne den nye store jubileumsboka «Oslo Songdanslag 90 år» lanserast. Vebjørn Bakken hadde skrive og laga ho trykkeferdig, så kostnaden vart ikkje anna enn til trykkinga. Boka vart motteken med stor interesse, og ein del eldre medlemer var òg til stades. Per og Gunnar underheldt med spel og speloppar.