Dette året hadde vi planlagt ei ekstra avslutning på vårhalvåret med å delta på «Junikveld» på småbruket der Hans Børli budde, Oppistun Børli søndag 7. juni 2015. Vi var i alt 13 frå Oslo Songdanslag. Til saman var det ca 750 deltakarar, langt færre enn normalt, sikkert fordi veret var usikkert. Då programmet skulle starte kom ei langvarig tordenbyge med hagl og regn, og mange vart våte og kalde. Men det vart likevel ein fin dag. Etter ein halvtime letna skydekket og det vart sol. Programmet frå scena ved låvebrua var fint: Vi fekk høyre opptak av diktet «Duften av fersk ved» ved diktaren sjølv, Sverre Eier ønskte velkomen, Solveig Hem Sørli m. fl. song «Junikveld», Lars Saabye Christensen og Stian Carstensen underheldt med opplesing og musikk og etter pausen hadde Trond Granlund med trio ein lang konsert. Elles var det fine utstillingar i nokre av uthusa på garden. Elles var det ei oppleving i seg sjølv å gå rundt på den gamle husmannsplassen, som var nesten heilt slik som då diktaren budde her. Staden låg så fint til på ein bakketopp ved sida av eit vatn.