Fin songdanskveld måndag 9. november
Det var 18 som møtte opp til den opne songdanskvelden i Halli denne måndagen. Vi fekk kaffi og kaker – både heimebaka og kjøpekaker – og ein prat og så var det songdans. Vi starta med Agnus Dei og Horpa, to fine folkeviser, og deretter var det stordans, dei vanlege som vi held fast ved og likar danse. Nokre vers av Terje Vigen dansa vi òg. Vi kom gjennom desse: Ormen Lange, Aksel Tårn, Sinclarvisa, Nordenfor Trondhjem, Stolt Signild, Fanitullen, På Dovrefjell, Kråkevisa, Terje Vigen.
Ein fin dansekveld, men vi skulle gjerne hatt ein større ring :).



