Her vil det kome referat frå ulike tilskipingar i Oslo Songdanslag. Jubileumsboka «Oslo Songdanslag 90 år» som kom ut i 2012, inneheld grundig dokumentasjon av laget til og med 2012. Så det som kjem her, vil vere eit og anna etter 2012. Under menyknappen «Historia» ligg ei kort oppsummering av historia med nokre bilete. For å leite etter eit innlegg/tema på denne heimesida, kan du søke med «lupa» i menyen øvst til høgre på sida.

Utflukt til Finnskogen juni 2015

Dette året hadde vi planlagt ei ekstra avslutning på vårhalvåret med å delta på "Junikveld" på småbruket der Hans Børli budde, Oppistun Børli søndag 7. juni 2015. Vi var i alt 13 frå Oslo Songdanslag. Til saman var det ca 750 deltakarar,…

Julefesten 2012 med boklansering

På julefesten i jubileumsåret 2012 kunne den nye store jubileumsboka "Oslo Songdanslag 90 år" lanserast. Vebjørn Bakken hadde skrive og laga ho trykkeferdig, så kostnaden vart ikkje anna enn til trykkinga. Boka vart motteken med stor interesse,…

Julefesten desember 2014

Julefesten i desember 2014 vart avvikla på vanleg måte. Den faste nemnda, Liv og Gunnar og Inger og Per sytte for mat og pent ordna bord og underhaldning. På biletet ser vi folket på dansegolvet. For etter vaten var det songdans og musikkdans.…